Ny utgåve av SenterAvisa ute no!

Årets første utgåve av SenterAvisa er endeleg her. Utgåva er fylt med påskeinspirasjon, vårnyheiter og optimisme. 

I denne utgåva kan du lese om vårt lokale Miss Norway-håp, Elida Svellingen Svendsen. Elida er deltakar i årets Miss Norway-konkurranse og vil vere ambassadør for Knarvik Senter i tida fram mot konkurransen.

Laurdag 27. mars er det offisiell opning av Stolpejakten i Knarvik Senter kl. 12 og utdeling av matpakkar på Sentrumstorget.

Les meir om Krafttak mot kreft og Knarvik Senter sin digitale gåveauksjon som blir avslutta laurdag 27. mars.

SenterAvisa er som alltid fylt med gode tilbod og inspirasjon frå butikkane i Knarvik Senter.

Du finn avisa på senteret,  i postkassa eller du kan lese den digitalt HER!