Offisiell opning av Stolpejakten 2021

Offisiell opning på var Facebookside kl. 12.00 ved ordførar Sara Hamre Sekkingstad. 

 

Laurdag 27. mars kl. 12.00 går startskotet for årets Stolpejakt – i år med premie til første person som besøker alle stolpane.

– Den aller første person som registrerar alle stolpane under årets Stolpejakt vinn ein flott tursekk. I tillegg deler vi ut ein unik t-skjorte med påskrifta «Eg var først til alle stolpane»

til første mann, kvinne og person under 18 år som tar turen innom alle stolpane, fortel Trond Andal, leiar for KnarvikMila og Stolpejakten Alver. Iveren er stort blant deltakarane og mange ser fram til opninga.

– Det er mange interne konkurransar i jakten på stolpar, og det er gøy at det er litt kniving der ute, ler Andal.

Størst i landet

I 2020 blei Stolpejakten Alver landets største i forhold til folketall, og Andal har stor tru på at Alver skal hevde seg i toppen i år også.

– I fjor var responsen heilt fenomenal, mykje grunna korona og nedstenginga, men eg har tru på at 2021 kan bli minst like bra, seier Andal optimistisk. I år er målet å få 200 000 stolpetreff og 10 000 stolpejegarar gjennom heile sesongen.

Stolpejakten Alver varar frå 27. mars til og med søndag 31. oktober. I år som i fjor er det 65 stolpar med ulik vanskegrad plassert ut i fjell- og turområde i heile Alver.

Krafttak mot Kreft

Knarvik Senter og KnarvikMila støttar Krafttak mot Kreft og donerar 10 kroner kvar for alle deltakarar som klarar å besøke alle stolpane i løpet av årets Stolpejakt.

 – I fjor var det rundt 800 personar som var innom alle stolpane i løpet av sesongen, i år kan vi kanskje klare 1000 og dermed donere ein fin sum til denne viktige aksjonen, seier Åge Torsvik, senterleiar i Knarvik Senter.

Bli med på tur, registrer alle stolpane og ver på den måten med å støtte kreftaksjonen med 10+10 kroner donert av KnarvikMila og Knarvik Senter.

Matpakke frå Big Bite til turen

Knarvik Senter deler ut matpakkar til turen under opninga av Stolpejakten 2021.

I samarbeid med Big Bite Knarvik deler vi ut matpakkar til dei 300 første som deltek i Stolpejakten. For å få gratis matpakke må du laste ned Stolpejakt-appen og registrere stolpen som står ved Medaas-statuen utanfor Knarvik Senter. Vis fram kvittering og få matpakke ute ved Medaas-statuen kl. 12 – 14.00.

Vi oppmodar alle til å halde minimum 2 meters avstand! 

 

 

_______________________________________________________

Stolpejakten er eit lågterskeltilbod for alle som ønskjer å kome seg ut på tur.

Jakt stolpar – sank poeng i Stolpejakt-appen og vinn flotte premiar! God tur!

Følg Stolpejakten Alver på Facebook for oppdatert informasjon.

Gode bilde frå turen? Legg ut på Instagram og Facebook og merk bileta med #stolpejaktenalver