Takk for bidrag til gåveauksjonen

Takk til alle som deltok på vår gåveauksjon til inntekt for Krafttak mot kreft! Takk for stort engasjement rundt kreftsaka og auksjonen! 💛
Vi samla inn heile 25 888,-
Takk til alle som var med på bodrunden og takk til alle butikkane i Knarvik Senter for flotte gåver til auksjonen!
Gåvene frå auksjonen kan hentast på Senterkontoret i Knarvik Senter på kvardagar i våre opningstider mellom 29. mars og 9. april.
Betaling skjer på VIPPS – nr. 451075.
Vis VIPPS-kvittering ved henting av produktet.
Du kan framleis gje ditt bidrag til Krafttak mot kreft ved å
Vippse til #451075
Eller bli med på vår bedriftsstafett – les meir her: innsamling.kreftforeningen.no/15813