Ladies & Gentlemen – Nytt namn, nye lokale

Opningsfest for Ladies & Gentlemen 23. april kl. 10.00

– Ladies & Gentlemen er ein komplett butikk med både herreklede, dameklede og interiør, fortel Elin Mosevoll, butikksjef for den nye storbutikken på rundt 500m2 i Knarvik Senter.

– Det skal vere ei oppleving å kome inn til Ladies & Gentleman, og vi kjem til å dele inn i små oasar der interiør-produkta blir ein integrert del av butikken, fortel Mosevoll.

Opningstilbod: 25% rabatt på eit ordinært valfritt produkt fredag 23. og laurdag 24.april. Bruk kupong i Knarvik Senter sin Kundeklubb-app. Last ned appen her: https://knk.al.bstcm.no/ofr

Nytt namn, nye lokale

Bak konseptet står Stig Sollid, kona Gunnhild Sollid som er dekoratør, og den nye butikksjefen Elin Mosevoll. Mange kjenner Stig frå Man to Gentleman, og sjølv om han aldri hadde sett for seg å starte med dameklede og interiør er han trygg på at konseptet er i gode hender.

– Med Elin og Gunnhild på laget har vi god kompetanse på kvar våre område, fortel Sollid.

Han trur timinga er bra, og vel å sjå optimistisk på framtida etter ei tøff tid under korona.

– Det er litt skrekkblanda fryd å skulle utvide butikken i desse tider, men vi har stor tru på konseptet og at dette blir eit fint løft for senteret, seier Sollid.

Romsleg og innbydande

Ladies And Gentleman har tatt over lokala til Sport Outlet og i den romslege butikken blir det plass til åtte store prøverom samt sittegrupper der ein kan slå seg ned, ta ein kopp kaffi og finne roen medan ein handlar. Mosevoll røper at dei har mange store planar for den nye butikken.

– Vi jobbar med mange spanande ting i kulissane, så det er berre til å glede seg. Blant anna kjem me til å setje ut små bord utanfor butikken til sumaren, og prøve å skape ei god stemning i denne delen av senteret, fortel Mosevoll entusiastisk.

Til damer og herre

Butikken satsar på ei brei målgruppe, og vil tilby high-end merker som vidarefører «business»-stilen som har vore eit av kjennemerka til Man to Gentleman, men også rimeligare merker. Til damer tar Ladies & Gentlemen inn nokre eksklusive merker få i Norge har, enkelte av merkene Mocca hadde og ein del litt rimeligare merker.

– Vi skal ha ei stor, ny dameavdeling og har tatt inn veldig fine ting. No gleder vi oss til å kome i gang, fortel Mosevoll.

 

 

 

BREI KOMPETANSE: Mange kjenner nok Stig Sollid frå Man to Gentleman, no har han med seg dekoratør Gunnhild Sollid og butikksjef Elin Mosevoll på ny storsatsing.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Sjå film frå butikken her.