3 timar gratis parkering i Knarvik Senter

Frå tysdag 8. juni 2021 blir det innført ei ny parkeringsløysing i Knarvik Senter. Dette blir gjort for å sikre at våre kundar finn lett tilgjengelege parkeringsplassar.

3 timer gratis
Det vert framleis 3 timar gratis parkering, og etter 3 timar kostar det kr. 15,- per påbegynte halvtime.

Automatisk registrering
Løysinga som er vald er Sesam Sesam, og mange kjenner godt til dette systemet frå andre stader. Bilskiltet vert automatisk registrert ved inn- og utkøyring til senteret, og dersom ein er kortare tid enn 3 timar, treng ein ikkje gjere noko.

Er ein lengre enn tre timar, er det fire moglegheiter for betaling:

  1. Automatisk trekk via Sesam Sesam appen
  2. Betale/registrere på automat i senteret
  3. Betale på sesam-sesam.com innan 48 timer etter avslutta parkering
  4. Faktura i posten

For å unngå fakturagebyr, rår vi alle til å registrere seg i Sesam Sesam appen. Der kan ein også sjå kor lenge ein har stått parkert.

Kundeservice/support
Dersom du har spørsmål om parkeringssystemet kan du kontakte Sesam Sesam sitt kundesenter på tlf: 53 69 94 00 eller sesam-sesam.com