Nattope fredag 7. mai

Velkomen til handlefest med 52 festtilbod i butikkane heile dagen!

Sjå alle Nattope-tilboda i tilbodsavisa her

 

Velkomen til ein trygg handel!

Takk for at du nyttar heile vår opningstid! Hald avstand, bruk munnbind og hald deg heime dersom du er sjuk eller er i karantene. 

Vinn flotte premiar på kvitteringa

  • Hovudpremie – handlevogn fullspekka med mai-varer frå Bunnpris – verdi kr. 3000,-
  • Tre gåvekort, verdi kr 2500,- frå Knarvik Senter

Konkurransereglar: Alle som handlar på Nattope kan delta i trekninga. Du kan delta så mange gonger du vil. Skriv namn og telefonnummer på kvitteringa, legg lappen i kassen på Sentrumstorget og bli med i  trekninga. Vi trekk gåvekort frå Knarvik Senter kl. 15.00. 20.00 og 24.00. Trekning av hovudpremien måndag 9. mai blant alle innleverte kvitteringar. Vinnarane blir kontakta på telefon og annonsert på våre heimesider og Facebook. 

Program

15-19: Aktivitetar for born

  • Lykkehjul: test lykka på lykkehjulet i teltet på Sentrumstorget
  • Rebusløp med premiar: Bli med på rebusløp med ulike oppgåver og aktivitetar:
    • Balansesti, potetløp og ballkasting
    • Laserskyting: Seim skyttarlag inviterar born til å teste skyting med laser
    • Møt Milla og Milius: Hels på KnarvikMila sine nye maskotar for aller fyrste gong!
  • Premiar til alle born som deltek

Smittevennlege aktivitetar – hugs å halde god avstand!

Takk for at du handlar lokalt!