Barnas Sommarfestival

Velkomen til Barnas Sommarfestival laurdag 19. juni med kjekke aktivitetar for barn. Endeleg får vi halde konsert på Senterscena og vi inviterer til smittevennlege minikonsertar kl. 12, 13 og 14 med Milius og Milla, bandet “Gutta” og vårt lokale stjerneskot Lisa-Maria.

 

PROGRAM

Kl. 11.30: Opning av nytt leikeområde – Villy Villsau delar ut is til borna!

Kl. 12 – 16: Spill Mario Kart live med Kjempegøy.no

Kl. 12 – 16: Gaming-rebus med oppgåver. Oppstart i teltet på Sentrumstorget

Konsert med Milius og Milla, Gutta og Lisa-Maria:

Kl. 12 – Grøn konsert

Kl. 13 – Rosa konsert

Kl. 14 – Gul konsert

Vi inviterer til tre smittevenlege minikonsertar slik at så mange barn som mogleg kan få med seg eit herleg musikkshow frå Senterscena. Programmet er likt på alle tre konsertane.

Billettar kan hentast på Ringo frå onsdag 16. juni og fram til konsertstart. Dei ulike billettane er merka med fargekode for klokkeslett. Begrensa antal plassar på kvar konsert – og «førstebarn» til mølla!

Antal publikum på kvar konsert vil følge gjeldande smittereglar. Inngang: gratis. 

 

Lisa-Maria Sagstad (8) vart kjent over natta då statsminister Erna Solberg delte og dansa til songen hennar «Smitte deg» på Facebook tidlegare i år. Songen handlar om å smitte så mange som mogleg med smil, glede og optimisme, og denne songen får du høyre live på Barnas Sommarfestival.

Sommar og fri

Det blir også urpremiere på Lisa-Maria sin heilt nye singel «Sommar og fri».

– Songen handlar om ein glad sommardag. Sommarferien har nettopp starta og det kriblar i kroppen, for no kan du gjere kva du vil og berre nyte livet, fortel Barbro Sulebakk frå Zing Zang studio- og vokalsenter. Sulebakk er songpedagog for den unge artisten og har skrive begge songane saman med Lisa-Maria.

Naturtalent

Lisa-Maria har sunge sidan ho var fem år, og vore elev på Zing Zang i fleire år. Songlærar Barbro Sulebakk har berre lovord å kome med om den unge songaren:

– Lisa har eit naturtalent og berre «er» i musikken. Ho har ei unik utstråling og formidlingsevne som er sjeldan for eit born på berre åtte år.

Gutta

På konsertane får du også møte Zing Zang dansecrew og bandet «Gutta» –  ein gjeng gutar i 13-14 års-alderen som har blitt svært populære med sine kule songar.

Milius og Milla

Møt KnarvikMila sine nye maskotar og høyr songen deira «Milla og Milius» på Barnas Sommarfestival laurdag 19. juni.

Kanskje har du møtt dei allereie? På stasjonen i Knarvik Senter utanfor Sport Norge, eller på skule- eller barnehagebesøk?

Dei nye maskotane til KnarvikMila ønskjer å motivere barn i regionen vår til å vere meir ute, og kanskje få dei til å finne gleda i å springa og vere meir i bevegelse.

KnarvikMila fyller førti år i år, og i alle desse åra har barn og unge vore ein viktig del av arrangementet. Milius og Milla er laga som eit heilt nytt univers for å inspirere til aktivitet.  Konseptet er for barn frå barnehagealder og opp til 9-10 år.

Milla og Milius er to gøyale og sporty figurar som dukkar opp på ulike arrangement, skule- og barnehagebesøk og ikkje minst MiniMila, KnøtteMila og NaturMila i september.

Universet består også av eit lekkert aktivitetshefte med konkurransar og aktivitetslogg.

Figurane har sjølvsagt fått sin eigen song med musikkvideo og dans, og denne får du høyre og danse til på konsertane på Barnas Sommarfestival.

Les meir på www.miliusogmilla.no

 

Mario Kart Live

Kom og kjør Mario Kart Live med KJEMPEGØY.no på Knarvik Senter 19 juni kl. 12-16.

Dette er ein magisk oppleving der kameraet på bilen sender signala direkte på skjermen!

Gøy både å køyre og sjå på!

Kom og meld dykk på for å sikre plass. Dette blir KJEMPEGØY!!

 

Gaming-rebus

Oppstart i teltet på Sentrumstorget. Rundt på senteret er det ulike oppgåver. Alle som deltek og har gjort alle oppgåvene får ein liten premie. Vi trekkjer også ein ekstra stor premie kvar time av siste times deltakarar.