Vinn sommarbåten

Bli med på årets sommartrekning og vinn fritidsbåt med motor til ein verdi av 192 500,-

 

For å delta må ein vere over 15 år og medlem i Knarvik Senter sin Kundeklubb. Dersom du ikkje alt er medlem kan du laste ned appen eller melde deg inn:

Legg handleturen innom fire ulike butikkar i Knarvik Senter mellom 16. juni og 31. august. Få stempel eller signatur på konkurransekupongen og legg utfylt kupong i postkassa ved båten. Utfylt kupong gir deg ein vinnarsjanse i trekninga av den flotte fritidsbåten. Ein kan delta fleire gongar. Konkurransereglar og kupong finn du i alle butikkane i Knarvik Senter.

Last ned appen:

 

Solid båt

Knarvik Senter gir bort ein båt til ein heldig vinnar

Båten du kan vinne i år er ein AMT 150R med Yamaha 50 Hk.

Båten med utstyr har ein totalverdi på 192 500,-

Årets sommarbåt er ein trygg og leiken skjærgardsjeep for variert bruk, og passar til alt frå fiske til leikent båtliv med tube eller vannski. Båten er roleg og stabil i all slags ver og har stort innvendig volum.

 

Båten er utstilt på Sentrumstorget i heile sommar.

Vinnaren blir trekt i byrjinga av september og kontakta direkte.

Sommarkampanjen 16. juni – 31. august: Det er eit sikkert sommarteikn når Sommarbåten «ankrar opp» på Sentrumstorget. Dei siste 12 åra har Knarvik Senter hatt ein stor sommartrekning for kundeklubbmedlemmar der ein kan vinne ein båt gitt av Knarvik Senter og levert av E39 Båt & Henger.