Olav Thon Gruppen inngår forvaltningsavtale med Knarvik Senter

Knarvik Senter har inngått forvaltningsavtale med Olav Thon Gruppen, og blir frå 1. september ein del av Olav Thon Gruppen sin kjøpesenterportefølje.

 

Frå før har Olav Thon Gruppen 83 kjøpesentre i Noreg. Olav Thon Gruppen sin visekonsernsjef, Ole-Christian Hallerud, seier:

– Vi ønskjer Knarvik Senter velkomen og vi ser fram til å få vere med på å vidareutvikle senteret. Vi takkar eigarane for tilliten dei viser med å overlate forvaltninga av senteret til Olav Thon Gruppen.

Butikkomsetnad på 650 millionar

Knarvik Senter opna for første gong i 1978 og har sidan den gong blitt utvida og ombygd. I 2020 hadde kjøpesenteret ein butikkomsetnad på ca. 650 millionar kroner. Kjøpesenteret er eigd av fleire lokale eigedomsselskap.

– Eigarane av Knarvik Senter er glade for at ein har funne saman med Noregs største aktør innan drift av kjøpesenter. Kjøpesenterbransjen har utvikla seg mykje, og vi er no glade for å ha fått til eit samarbeid. Dette vil sikre eit variert og godt tilbod til våre kundar, og ei positiv draghjelp for våre leigetakarar. Thon-systemet har moglegheita til å sikre Knarvik Senter nye butikkar og serveringsstadar som vi har mangla for å få eit endå meir attraktivt senter. Dette er med å sikre ei god framtid for Knarvik Senter. Vi ønskjer våre nye forvaltningspartnarar velkomen og lukke til, seier Bjarte Vatnøy på vegne av eigarane.

Leiar forretningsutvikling i Olav Thon Gruppen, Ove Skrøvseth, seier:

– Vi er glade for at Knarvik Senter har signert ei forvaltningsavtale med oss. Senteret er allereie ein viktig møteplass for både handel og kultur i regionen. Vi ser fram til å overta drifta og bidra til at senteret blir den valde handelsdestinasjon i sitt marked.  Fokus på god marknadsføring, rasjonell drift, trygg handel og attraktive konsept for kjøpesenteret sine kundar blir viktige arbeidsoppgåver framover. Gjennom forvaltninga av Knarvik Senter vil vi styrke vår marknadsposisjon innan kjøpesenter i Bergensregionen ytterlegare.

Om Olav Thon Gruppen

Olav Thon Gruppen er Noregs største kjøpesenteraktør. Konsernet eig og forvaltar 83 kjøpesenter i Noreg og 11 i Sverige. I 2020 var den totale butikkomsetnaden på Olav Thon Gruppen sin norske kjøpesenter ca. 64,4 milliardar kroner.