Vinnaren av sommarbåten 2021

Vi har trukke vinnaren av årets sommarbåt blant nesten 7000 utfylte kupongar!

Gratulerer til Gunn Fauskanger – vinnaren av ein AMT 150R med Yamaha 50Hk!
– Eg er heldig, kjempeheldig, seier den båtglade vinnaren som nesten ikkje trudde det kunne være sant då ho vart oppringt av senterleiar Åge Torsvik.
– Eg kokar av glede, og har berre lyst til å ta ein tur med den nye båten min, seier ho.
Takk til alle som deltok i årets sommertrekning for kundeklubbmedlemmar.

Senterleiar Åge Torsvik med vinnarkupongen.

Vinnaren blir oppringd.

Vinnarkupongen vart trekt ut av nesten 7000 innleverte kupongar.

Den glade vinnaren Gunn Fauskanger får overlevert nøklane til båten av senterleiar Åge Torsvik.

– Eg er så heldig, så utruleg heldig, seier den båtglade vinnaren, Gunn Fauskanger som vann sommartrekninga for kundeklubbmedlemmar 2021.