88 / 2. Etasje

Innbyggjarservice Alver kommune

88 / 2. Etasje

Alver kommune vil vere tett på alverbuen, og opnar innbyggjarservice i Knarvik Senter.

Innbyggjarservice blir å finne i 2. høgda i promenaden, med Cubus som næraste nabo.

– Vi vil vere tett på innbyggjarane, og møte dei der dei er. Mange av dei som bur i kommunen vår har eit ærend i Knarvik i løpet av ei veke, og difor ville vi etablere ein møtestad akkurat her.
Hjå innbyggjarservice kan alverbuen mellom anna få hjelp til utfylling av kommunale skjema, avtale møte med ein sakshandsamar i kommunen, eller finne ut kven dei skal vende seg til for å løyse ei bestemt oppgåve.
Treng du til dømes rettleiing eller informasjon om kva reglar som gjeld for din eigedom? Byggesak vil vere representert på innbyggjarservice i Knarvik Senter var måndag og onsdag mellom klokka 9 og 15, og ein treng ikkje avtale tid for å møte dei desse dagane.